Aftenposten

Dato: 2000-09-04 Utgave: Morgen Ord: 1482 Ant. treff: 1 Side: 14
Klasse: Skole, Utdannelse Emne: Videregåendeskoler,
Universiteter, Skolefag

kronikk

Kunnskapssamfunn - utan realfagslærarar?

av Anders Folkestad.

Rekrutteringen til realfag ved universitetene er alarmerende
lav. Svært få realister med hovedfag tar praktisk-pedagogisk
utdannelse, som er rettet mot læreryrket, skriver lederen i
Lærerforbundet, Anders Folkestad.Dette er illevarslende for
Norges fremtid som kunnskapsnasjon, mener han.
Dei siste åra har det vore ein sterk og urovekkjande
svikt i rekrutteringa til realfaga, både i vidaregåande
skule og i høgre utdanning. Ordningar med ekstrapoeng i
vidaregåande har i liten grad betra situasjonen. Meir
effektive og langsiktige tiltak trengst.
  Stadig færre søkjer seg til realfagsstudiar ved
universiteta. For 1999 var det ved dei fire universiteta
over 1320 færre søkjarar til studieprogram innafor dei
matematisk-naturvitskaplege fakulteta enn året før. Førebels
søkjarstatistikk frå Norsk samfunnsvitskapleg datateneste
våren 2000 syner at talet på søkjarar til realfaga vil bli
ytterlegare redusert. Statistikk frå Samordna opptak syner
at nedgangen er størst for Universitetet i Oslo, med over
2600 færre søkjarar til realfagsstudium over ein periode på
7 år (1993-2000). Dette er ein nedgang på om lag 40 prosent
i perioden!

  Universiteta i Bergen og Tromsø har hatt ein meir moderat
reduksjon, medan Universitetet i Trondheim også har opplevd
ein merkbar nedgang. Eit felleskjenneteikn er elles at
informatikk (lågare grad) og biologi er klart meir
attraktive studieprogram enn matematikk, fysikk og kjemi.
  I tillegg til generelt sviktande rekruttering til realfaga
er det alarmerande få realistar med hovudfag som tar
praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), innretta mot
læraryrket. Av totalt 703 uteksaminerte realistar med
hovudfag i 1999 ved alle universiteta i landet, er det ved
opptak no i haust berre 57 (8,1 prosent) som har søkt
studieplass ved PPU. Meir enn halvdelen av desse (33) er
biologar. Kor mange av søkjarane som faktisk vil velge dette
studiet, er enno uklart.
  Ved Universitetet i Oslo, som har flest studentar i PPU,
er det litt fleire hovudfagssøkjarar enn i fjor. Men auken
gjeld ikkje fag som fysikk, informatikk og matematikk.
Tilgangen på biologar er noko betre. Av dei 21
hovudfagsrealistane som søkte studieplass ved PPU, var det
derimot berre 12 som takka ja.
  Med nokre nyansar og variasjonar er dette illustrerande
for situasjonen også ved dei andre universiteta. Det er
særleg faga matematikk og fysikk som er truga. Og dette
gjeld ikkje berre kandidatar med hovudfag. Også færre
realistar med lågare grad siktar seg inn mot arbeid i
skulen. Ved NTNU er totalbildet noko betre, i og med at ein
del kandidatar frå sivilingeniørstudiet søkjer PPU.
  I alt var det 57 realistar med hovudfag (cand.scient.) som
søkte studieplass ved praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
ved landets universitet hausten 2000. Av desse var det 33
med hovudfag i biologi, 14 med kjemi, 6 med matematikk, 3
med fysikk og 1 med informatikk. Kor mange som verkeleg tar
til, er ennå ikkje kjent, men det er all grunn til å frykte
at det er langt færre enn dei som har søkt. For faga
matematikk og fysikk, som tradisjonelt har vore store
skulefag, er situasjonen særleg alvorleg.
  Situasjonen er ikkje eineståande for Noreg. Vi ser
liknande tendensar i fleire vestlege land. Men dette må
ikkje føre til konklusjonar som «dette er internasjonale
trendar som vi ikkje kan gjere noko med». Sjølvsagt kan vi
det, og som kunnskapsnasjon kan vi ikkje la vere. Det er i
alle fall ingen grunn til å vente til andre viser veg.
Låge søkjartal til PPU blant cand.scientane inneber færre
lærarar med fordjuping i dei sentrale realfaga. Det som
særkjenner ein lærar med fagutdanning frå universitetet, er
den forskingsnære og metodiske tilnærminga til faget. Både
føremålsparagrafen og læreplanane i skulen er forankra i den
same kritiske tradisjonen som forskingsbasert utdanning.
Lærarar med universitetsutdanning bør difor vere det normale
ved studieførebuande fag/studieretningar i den vidaregåande
skulen. Lærarer med universitetsutdanning, også dei med
hovudfag, bør såleis ha ein sterk plass også i grunnskulen,
særleg på ungdomstrinnet. Underskott på realfagskompetanse i
grunn- og vidaregåande skule vil få omfattande konsekvensar
for kvaliteten til realfaga i åra som kjem. Konsekvensane
avgrensar seg sjølvsagt ikkje til skuleverket åleine. Det
handlar i realiteten også om framtidssituasjonen for
utdanning og forskning her til lands og om vår
internasjonale posisjon på feltet. Lærarforbundet meiner at
universitetet som lærarutdanningsinstitusjon har fått altfor
liten plass i den offentlege debatten. Det er i grunnen
typisk at enkelte i universitetsmiljøa ser ut til å
nedprioritere lærarutdanning. Mjøs-utvalet vurderte
gradsstruktur og studieoppbygging utan særleg omsyn til
behova for lærarutdanning og lærarrekruttering. Det er på
sin plass å minne om at universiteta har forsynt det norske
skuleverket på mellom- og vidaregåande nivå med lærarar i
heile det siste hundreåret. I allmennfaglege studieretningar
i vidaregåande skule er lærarar med universitetsutdanning
framleis den dominerande lærargruppa. Og dei har alltid
utgjort ein stor del av lærarkorpset på ungdomssteget i
grunnskulen. Lærarar med realfagskompetanse frå
universitetet er dessverre i ferd med å døy ut! Av dei som
underviser i matematikk, uavhengig av årssteg, har dei over
50 år klart betre kompetanse i sitt fagfelt enn yngre
aldersgrupper. Spesielt gjeld dette i den vidaregåande
skulen. Situasjonen er no slik at samtidig som vi i dag
opplever ei sviktande rekruttering av realistar med høgre
grad, aukar gjennomsnittsalderen blant realistane i
skulesektoren med nesten eitt år for kvart år som går.
Dersom det ikkje raskt blir iverksett mottiltak, vil vi
oppleve ein endå meir alvorleg mangel på realfagslærarar i
den norske skulen om få år. Det er alvorleg når universiteta
langt på veg har slutta å fungere som
lærarutdanningsinstitusjonar i sentrale skulefag. Som synt
over, gjelder dette særleg i realfaga. Situasjonen er
illevarslande også for fleire humanistiske fag og
samfunnsfag, med ein nedgang særleg blant kandidatar med
hovudfag. Sviktande rekruttering og auka pensjonsavgang vil
føre til at det blir langt færre lærarar med
universitetsutdanning. Om desse tendensane ikkje snur, må
ein rekne med å måtte rekruttere lærarar i framtida med
langt svakare fagutdanning enn i dag. Dette blir særleg
merkbart i dei allmennfaglege studieretningane. For ikkje så
altfor mange år sidan var skulen eit naturleg yrkesval for
mange realistar. Slik er det ikke lenger. Stadig færre
realistar på universtitetsnivå vel skulen som arbeidsplass.
Låg lønn er nok den klart viktigaste årsaka. Sjølv med eit
langt betre lønnsoppgjer i år enn ein har vore van med, er
det langt att til lønnsnivået er på høgd med det som finst i
det private næringslivet. Kva kan gjerast? Innstillinga frå
Mjøs-utvalet tar berre i liten grad opp spørsmål som gjeld
lærarutdanning. Men det blir foreslått at dette er eit felt
som må utgreiast særskilt. Det er Lærarforbundet samd i. Det
er heilt nødvendig å gjere PPU meir attraktivt for studentar
med hovudfag. Lærarforbundet har foreslått auka stipend,
eventuelt fullstipendiering og avskriving av studiegjeld ut
over ordinær hovudfagsavskriving, som mogelege verkemiddel.
Ei forbetring av studiefinansieringsordninga bør først og
fremst innrettast mot kandidatar som tar PPU og går inn i
lærarstilling. Ei generøs avskrivingsordning av studiegjeld,
til dømes kombinert med bindingstid til lærarstilling, vil
kunne ha positiv effekt. Det generelle lønnsnivået i skulen
må sjølvsagt vere konkurransedyktig og attraktivt.
Den faglege sida må heller ikkje neglisjerast om ein vil
betre rekrutteringa. Ei årsak til at kandidatar med hovudfag
ikkje søkjer skulen, kan vere oppfatninga av at ein der
ikkje får relevante faglege utfordringar, tilstrekkeleg
fagleg stimulans - og etterutdanning. Mangelfull
etterutdanning og svak systematisk kontakt med fagmiljø i
universitets-/høgskulesektoren forsterkar dette.
  Ein måte å imøtekome dette på, kan vere å lette overgangen
mellom skuleverk og universitets-/høgskolesektoren for
lektorgruppa. Dette kan til dømes gjerast ved å opprette
hospitantstillingar i universitets-/høgskolesektoren der
lektorar frå skuleverket kan gå inn, f.eks. kvart femte år.
Det kan vere ein parallell til hospiteringsordningar i
næringslivet, som det no er løyvd pengar til over
statsbudsjettet. Hospitering vil gi fagleg stimulans og
utbytte for begge utdanningsnivåa, samstundes som
skuleverket kan bli meir attraktivt for langtidsutdanna.
  Ei rekkje tiltak er med andre ord nødvendige, også for å
møte ein stadig sterkare konkurranse frå kortare, enklare og
meir yrkesretta utdanningstilbod.
  Samstundes må søkjelyset rettast mot utvikling av arbeids-
og undervisningsformer i skulen som i større grad «treffer»
dagens barn og unge. Ikkje minst er dette aktuelt for
realfaga, som i større grad også må fange jentene si
interesse. Debatten om innhald og metode i realfaga på alle
nivå må vitaliserast. Nytenking og handling må skje raskt.
Her ligg ei rekkje faglege og pedagogiske utfordringar. Men
då må vi ha kvalifiserte realfagslærarar som kan gjere
jobben.
  Eitt er sikkert. Dagens situasjon er illevarslande for
Noreg, og rimar dårleg med politiske ambisjonar om å vere i
fremste rekkja av kunnskapsnasjonar. I tillegg til at det er
dårleg kulturpolitikk, vil mangelen på realfagslærarar rett
og slett svekkje konkkurranseevna. Og det vil vel verken
regjering eller storting? kronikk@aftenposten.no
«««Informatikk (lågare grad) og biologi er klart meir
attraktive studieprogram enn matematikk, fysikk og kjemi»»»
«««Det som særkjenner ein lærar med fagutdanning frå
universitetet, er den forskingsnære og metodiske tilnærminga
til faget»»»

Billedtekst:
Eldre mattelærere best. Av de lærerne som underviser i
matematikk, uavhengig av klassetrinn, har de som er over 50
år, klart bedre fagkompetanse enn yngre lærere, skriver vår
kronikør. FOTO: STEIN J. BJØRGE