«Velger media, vraker matematikk»
Ungdomen flyktar frå realfaga. Media er i ferd med å etablere seg som vinnaren i kampen om ungdomen. Kva er det som skjer, spør forleggar Andreas Skartveit.
kronikk
Andreas Skartveit
Overskrifta har eg lånt frå ein artikkel i Bergens Tidende 25. februar i år. Den var eit intervju med inntakssjef Nils Skavhellen i Hordaland fylkeskommune. Han tek imot søknadane frå tenåringane i fylket som vil inn på vidaregåande skule, ser kva dei ønskjer seg, og kva veg dei vil gå.
Tendensane har vore tydelege lenge i den industrialiserte verda. Ungdomen flyktar frå realfaga. Professorane på gamle NTH jamrar seg, dei har korkje stipendiatar eller studentar, knapt nok professorar. Rekrutteringa til realfaga ved universiteta sviktar, tyngda av realfagslærarar i den vidaregåande skulen er på veg til pensjon. Om det vil seg vel, kan den siste realfagslæraren forlate skulen idet den siste eleven er på veg inn. Til og med industrien klagar.
Og media er i ferd med å etablere seg som vinnaren i kampen om ungdomen. Journaliststudiet, bladfykskulen, er den høgskolen det er tyngst å kome inn på. Og no ser vi same mønsteret i vidaregåande skule.
Kva er det som skjer? I den teknologisk mest avanserte kulturen verda har sett, ein kultur som kviler på naturvitskap på alle felt, langt meir enn vi dagleg tenkjer over, der går ungdomen sin veg. Og dei går til kunst og forming, til spegling og formidling. Det kan sjå dramatisk ut, og det er det kanskje også. Men det er ikkje sikkert det er så nytt.
Det kan diskuterast når vår moderne tid starta, når vi tok fatt på den vegen som gjorde oss til oss. Kanskje det var med førsokratikarane. Dei byrja med å observere, samle og ordne kunnskap, og dreiv tilbake gamle myter og mytologiar. Grekarane utvikla dette vidare, med lån frå Asia og Afrika. Vandringa mot vårt kunnskapssamfunn hadde starta. Ånder, gudar og vette vart etter kvart drivne ut av naturen. Vi la naturen under oss. Vi var på veg til å ta makta.
Det gjekk vidare. Etter ei tid var det kyrkja og kristendomen som overtok forklaringsmakta og styringa over tankane, kopla opp mot Aristoteles og fortolkinga av han. Fortolkarane og formidlarane overtok. Observatørane fekk dårlege vilkår. Sanninga sto i gamle bøker, som fortolkarane og formidlarane rådde over. Observasjonar som ikkje stemde med dei gamle bøkene, vart forkasta, og dei som hadde gjort observasjonane, kunne det bli synd om.
Fortolkingsmakta ytra seg, også materielt. Katedralar, kyrkjer, palass, kloster og prestegardar reiste seg, som den materielle infrastrukturen rundt fortolkingsmakta. Ved sida av krigane var dette dei største investeringane i si tid.
Og når vi er ute og reiser, er det det materielle uttrykket for den gamle fortolkings- og formidlingsmakta vi oppsøkjer: Notre-Dame, St. Paul, Nidarosdomen, Peterskyrkja, mosaikkane.
Men makta som heldt til i byggverka er tapt, etter hundreår med lange og blodige stridar. Den var det kunnskapen og vitskapen som overtok, naturvitskapen, men også humaniora. Filologar og historikarar gjekk laus på Bibelen, til stor skade for makta til prestane og kyrkja.
Så sat då kunnskapen og vitskapen i førarsetet. Geni i filosofi og vitskap sprengde grenser, fruktene var søte og mange. Universiteta vart kraftsentra, nye vart skapte, til og med vi fekk eit slikt, omsider.
Heile tida låg matematikken ute som eit ideal, eit fyrtårn å styre etter. Matematikken hadde det ved seg at der var det sanne sant, rett og slett, udiskutabelt. Vinkelsummen i ein trekant var 180 grader, og kunne aldri bli noko annan. To parallelle liner kunne aldri møtast, i alle fall ikkje i den euklidske matematikken, som lenge var einerådande. Andre vitskapar hadde problem med å produsere så sanne sanningar. Men dei prøvde. Vitskapen var ein berebjelke i den rådande trua, trua på framsteget, utviklingsoptimismen.
I dag vaklar denne trua, av grunnar eg ikkje skal gå inn på her. Dei historiske hendingane, som alle kunne sjå og oppleve, og vitskapens frukter, som viste seg å vere av mange slag, viste seg å vere like farlege for trua på vitskapen og framsteget som vitskapen hadde vore for trua på kyrkja og prestane.
Og i dag er det altså tenåringane og studentane som vender seg bort frå det som meir enn noko anna har skapt oss og samfunna våre. For ein som sjølv har ein gamal realartium, hardt tilkjempa, og som lærte å forakte alle andre gymnasliner som mindreverdige, er det nesten ikkje til å forstå.
Og så går dei til media.
Vi har eit mediebilete vi aldri har hatt maken til. Media er om oss på alle kantar, til alle tider.
Der eg voks opp, var det ingen som tenkte den tanken at det vi heldt på med, skulle interessere media.
Dette har endra seg. I to år av mitt liv var eg fjernsynsdirektør i NRK. Då oppdaga eg at det finst svært mange menneske i dette landet som er av den faste meining at det som ikkje har vore i Dagsrevyen, det har ikkje hendt. Å lage eit arrangement som ikkje Dagsrevyen dekkjer, det er meiningslaust. Det finst mange triks for å få saker på Dagsrevyen. Det finst folk som har det som yrke. Dette er relativt nytt.
Media skulle spegle røyndomen, sa vi ein gong, kva vi no kan ha meint med det. Det er sjølvsagt ein illusjon, røyndomen gøymer seg for oss, og har alltid gjort det. Speglinga vil bli prega av spegelen og han som held han, alltid. Dette er gamal kunnskap, det er nok å nemne Platon.
I dag produserer media såkalla røyndom. Det er ikkje nok å prøve å spegle det som skjer. No skaper ein, regisserer, om det no heiter Big Brother, Robinson eller Ricky Lake. Og det går over verda. Media regisserer den store idretten, sendetid, konkurranseform, arenaform, økonomi, tilgang for publikum.
Media regisserer politikken. Når det smell i Frp, veit vi det med ein gong, og Knut Olsen og Pål T. Jørgensen tek regien. Dei bestemmer langt på veg kva som skal skje, og kva vi skal få vite. At statsministeren orienterer om Rikets Tilstand i Stortinget, blir borte i tåka.
Journalistar er blitt høglønnsgruppe, og media er big business, medan professorar og andre forskarar er triste, grå og loslitne. Universiteta jamrar seg. Deira tid er tydelegvis over. Studentane er ikkje som dei var, om dei i det heile er der.
Og så kjem ein tanke drivande: Er det fortolkarane og formidlarane som er på veg tilbake, etter at dei vart fordrivne av observatørar og vitskapsmenn for nokre hundre år sidan? Og er det observatørane og vitskapsmennene som no må inn i den skuggen dei den gongen jaga prestane og prelatane inn i? Er det eit grunnleggjande skifte vi ser? Matematikken, fyrtårnet i vitskapleg metode, disiplin og stram tenking er taparen på ungdomsmarknaden og i undervisningssystemet. Kva tyder no det? Er det eit ankerfeste som ryk?
Ein ting er effekten på heile samfunnsmaskineriet vårt, energi, samferdsel, forsvar og alt det andre, som er avhengig av høg vitskapleg kompetanse for vedlikehald og utvikling. Noko anna er effekten på tankane våre, kravet på presisjon og kontroll. Går det ut saman med matematikken?
Eg ser altså ut til å ha hamna i mellomalderen, med ein pavestol på Marienlyst og eit kloster i Akersgata, eit bispesete i Bergen og elles litt smått her og der. Og ute i verda sit dei store pavane, då som no.
Ideologien er marknadsstyring. Marknaden er eit ideal, ein idé i platonsk forstand, noko vi ufullkomne menneske ikkje greier å kjenne og å realisere. Vi erkjenner stykkevis, også når det gjeld marknaden. Så har vi fått med oss både Platon og Paulus, eit par mellomalderen kjende vel.
Men infrastrukturen då? Katedralane, dei store investeringane for å spreie bodskapen og sikre makta?
Den er der, i høg grad, og svært synleg.
Det store, den nye økonomien, har i nokre år vore informasjonsteknologi, IT. Før IT-bobla sprakk, var dette det store økonomiske eventyret som yngla milliardar og milliardærar, for ikkje å seie det som mindre var.
No er det telecom, LMEricsson, Nokia, Telenor, Telia og kva dei no heiter. Børsverdiane er uforståelege. Ericsson har siste året falle med 1250 milliardar på børsen. Det er 2/3 av det svenske nasjonalproduktet. Det let seg ikkje forstå.
Det skal byggjast nye nett for å distribuere, UMTS og breidband og kva det no heiter. Summane er avsindige, og aktørane har inntil nyleg slåst for å bli med. Nokre har lånt til over pipa for ikkje å bli ståande att som ei attgløyme. Dette har vi ikkje sett enden på.
Og ute i verda, som heime, strekkjer dei store mediekonglomerata ut sin blekksprutarmar og dreg nye fangstar til seg. Fleire av dei største selskapa i verda er no medieselskap, slik kyrkja ein gong var den største organisasjonen. Dette er vår tids katedralar og kyrkjer, bygde i dyre domme for å formidle fortolkingane frå fortolkarane, og sikre makt og inntekter. Så blir Bill Gates vår tids Bernard av Clairvaux, klosterbyggjaren og klosterreformatoren, og Kåre Valebrokk biskop Øystein, katedralbyggjaren, i Trondheim rettnok, medan Tormod Hermansen blir å likne med ein steinhoggarformann i det gamle Nidaros.
Og nøkkelen, lagnaden til alle desse, ligg i hendene på tenåringane i Hordaland, og andre stader, som har valt bort matematikken, og som snart skal velje bort både den eine og den andre av dei nye medieaktørane.
Tenåringar er farlege folk. Det kan fleire enn matematikklærarane oppdage.